Ein fin liten blome


EIN FIN LITEN BLOME
Tekst:Ukjent svensk forfattar,

Anders Hovden, 1927

Ein fin liten blome i skogen eg ser,
I granskogen diger og dryg.
Og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.

Sei ottast du ikkje i skogen stå gøymd
Der skuggane tyngja deg må? –
Ånei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
Til ringaste blom han vil sjå.

Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
Der folk kunne skoda på deg? –
Ånei, eg trivst best mellom ringe og små,
Eg føddest til skogblome, eg.

Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
det vert fulle dødsdagen din. –
Då kviler eg livt og har snøkåpa på,
Til vårsola kysser mi kinn.

Eit bod frå min Herre du bloma meg ber;
Om einsleg eg vert på min veg,
Så veit eg at Herren vil vera meg nær,
Gud Fader han vardar og meg.

Og om eg er liten, har Herren meg kjær,
Med honom eg kjenner meg sæl.
Kvar morgon meg bøna til himmelen ber,
Med bøna eg sovnar kvar kveld.

Ei kledning eg fekk av min Frelsarmann kjær,
I blodet hans reinsa ho er.
Ho høver for himlen, der gullgater er,
ho høver for vandringa her.

Som blomen om vinteren visner eg av,
Men gled meg, for da står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav,
Mi sjel ho er heime hos Gud!

Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong
I morgonen æveleg klår,
Og blanda med heilage englar mi song
I himlen dit døden ei når!